Målmannen vert høyrd!

Er Målmannen eit outsider-organ i målrørsla eller når me faktisk ut til sentrale personar som er med på å taka avgjerder i Nynorskland? Me er ikkje akkurat tenkt å leggja ut tingarlista vår til ålment gjenomsyn, men småe drypp i media syner at me både når ut og vert høyrde…

På Facebook-gruppa «Forsvar Nynorsken» var det for ei tid sidan eit ordskifte der ein diskuterte um jamstelling eller minoritetsvern var den rette strategien for målrørsla. Målmannen-redaktør Torheim sin eigen kommentar til dette, den 21. mai, var fylgjande:

«Det er vel ikkje anten-eller, men snarare både-og. Det trengst både ein politikk for å sikra rettane åt nynorskbrukarane i heile landet og det trengst sikre «bastionar» og friområde der nynorsken er det einerådande språket. Både geografisk (som på Vestlandet) og sosiologisk (til dømes lærarar og andre som arbeider med språket til daglegt) so treng nynorsken ei forankring – elles kjem me berre til å vera i mindretal yveralt og alltid. Diverre hev den rådande språkpolitikken gjenge ut på å fremja ei illusorisk»jamstelling» der val av «målform» hev vorte privatisert til den einskilde språkbrukaren – og der den einskilde nynorskbrukaren difor stend utan tyngd eller kraft til å hevda rettane sine i møtet med bokmålsveldet.»

«Forsvar nynorsken» er eit ordskifteforum som samlar mange sentrale målfolk.

Og like etter, den sjette juni, kunde me lesa fylgjande utsegn i Klassekampen, frå Gudrun Kløve Juuhl, rådgjevar ved Nynorsksenteret i Volda:

«Skal ein styrkja nynorsken, må det definerast stader og situasjonar der nynorsken er det normale og dominerande…»

No hev jamvel Aftenposten sitert henne på dette. Dei tykkjer dette er både viktugt og knakande godt sagt!

Både Klassekampen og Aftenposten hev systematisk refusert alle lesarinnlegg frå Målmannen-redaktøren. Likevel ser me at det er synsmåtar som Målmannen fyrst var ute med som etter ei tid kjem fram i ordskiftespaltone. Endå so småe ressursar Målmannen sit med, materielt og økonomisk, so maktar me altso å setja ein dagsetel i det offentlege ordskiftet. Jamvel dei som offisielt ikkje likar oss, må nok medgje at dei fylgjer bladet i smug…

Er Målmannen åt å verta målrørsla sitt svar på FrP? Dei statsfinansierte mållagsbyråkratane vil offisielt ikkje ta i oss med eldtong, hevdar tidlegare NMU-leidar Vebjørn Sture på Twitter - men det er til sjuande og sist idear Målmannen var fyrst ute med å formulera som hamnar på prent når sentrale mållagsfolk vert nøydde til å meina noko målpolitisk.

Er Målmannen åt å verta målrørsla sitt svar på FrP? Dei statsfinansierte mållagsbyråkratane vil offisielt ikkje ta i oss med eldtong, hevdar tidlegare NMU-leidar Vebjørn Sture på Twitter – men det er til sjuande og sist idear som Målmannen fyrst var ute med å formulera som hamnar på prent når sentrale mållagsfolk vert nøydde til å meina noko målpolitisk.

Freistnadene på å sverta, stempla og utdefinera Målmannen frå det offentlege ordskiftet hev vore mange. Men me gjev oss ikkje, snarare tvert imot: Me er der, me vert verande – og me vert høyrde!

Olav Torheim

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s