Frå dialektromantikk til nynorsk realisme?

Innlegget stod fyrste gongen på prent i lokalavisa Strilen, laurdag 22. november 2014

Det var sterk kost målfolket fekk då bergensaren Frank Aarebrot vitja Knarvik sist sundag, fortel avisa Nordhordland. Aarebrot slo fast at dialektromantikken i målrørsla hev øydelagt for nynorsken. Frammøtte svara med lettare sjokkert lått. Aarebrot sa det målfolk trong å høyra.

I Nordhordland vert nynorsken pressa. Unge under 30 talar ikkje strilamål meir, dei vil helder vera bergensarar. Jon Fosse hev poengtert at bergensarar definerar seg negativt i høve til strilekulturen, dei vil helder ha det lågaste frå bergenskulturen enn det beste frå strilekulturen. Å vera bergensar heiter å nytta bokmål – “eg” og “ikkje” til trass.

Det paradoksale for oss som flutte frå Bergen til Meland er nett det at me ynskte meir av det Meland kunde by på – flott natur, gode grannar, nynorsk skulemål. So vert ein i staden møtt med at alt dette er på veg ut: Meland skal vera “vekstkommune”, og når eitkvart er i vokster er det noko anna som skal vika plassen – i dette høvet nynorsken. I Nordhordland stend nynorsken att i skulen medan bokmålet rår grunnen elles, både privat og i handelslivet. Jamvel i lokale ungdomslag i Meland tek bokmålet yver.

Avisa Nordhordland fortel at Meland tapar millionar på bokmålsklassar. For ein gongs skuld morosamt at bokmål kostar pengar, men kva tid kjem kravet um at Meland, Fjell og Os skal verta bokmålskommunar? Bergen ekspanderar og det er ingen måte ein kann stogga det på. Anten lyt det verta råd å vera både bergensar og nynorskbrukar, eller so er slaget tapt.

Jamstellingstanken og dialektromantikken gjer det politiske privat

Aarebrot hev rett i at jamstellingi er problemet: Ho gjer språkvalet til eit individuelt val. Den gongen nynorsken vann fram, var målreisingi eit kollektivt prosjekt – med kamp um skulekrinsar og kyrkjelydar. Målspursmålet stod på den politiske dagsetelen. I dag er dette soga. Nynorsktoleransen er stor, men viljen til å nytta målet tilsvarande liten.

Det er mange val ein lyt gjera i livet, ikkje minst for borni sine. Kva som skal vera viktugt i livet til borni er det foreldri som legg til rettes for. Skal språk vera viktugt? I so fall, kva slags språk? Eg kjenner til dømes ein småbarnsfamilie i Bergen der faren er sogning og mor trønder. Båe skriv nynorsk, men ungen lyt høyra tri ulike dialektar. Han skynar snøgt at talemål i Noreg er noko individuelt – Far hev sitt mål, mor hev sitt, eg og leikekameratane vårt: bokmålsutvatna bergensk.

Dialektane kløyver, nynorsken kunde ha samla. Det trengst kjerneområde der nynorsk var sikra, men slike finst ingen stader i Hordaland.

Ute i Europa ser ein tydelegt kva slags verkemiddel som nyttar. I Sud-Tirol i Italia hev tyskarane eit lovvern som sikrar at einast tysk vert nytta i Sud-Tirol. Målet der er i framgang. I Elsass i Frankrike hev ein derimot havt ei rørsla som arbeider for elsassisk dialekt – standardtysk skulde av politiske grunnar ikkje talast um. Men utan eit standardspråk å stø seg på hev dialektarbeid vore fåfengt. Elsassisk er vorte eit mål besteforeldri talar. Unge nyttar standardfransk både heime og ute.

Ei stoda slett ikkje ulik den i Nordhordland: “Bæsten” talar kav stril, barneborni hev lært seg bergensk i barnehagen. Eller bergensk og bergensk, fru Blom: Det er ikkje bergensk med “hem”, “møkkje” og “nokke”. Nei, med “hjem”, “mye” og “noe”. Det serbergenske er vorte noko ein dreg fram ved serskilde høve – som under Cupfinalen når “gullet skal hem”.

Slik er det vorte i Nordhordland, men trong ikkje um å vera slik. Sjå til dømes til Møre og Romsdal: Endå Ålesund er bokmålsdominert, so er Søre Sunnmøre vorte ein sterk region der nynorsk vert nytta både privat, offentleg og i næringslivet. Vegprosjekti Eiksundsambandet og Kvivsvegen hev gjort Volda-Ørsta til eit knutepunkt millom andre nynorskkommunar som Ulstein og Stryn.

Frå Hordaland på nynorsk til Bergensregion på bokmål

I Hordaland ser ein dei motsette tildrivi. Alle framsteg innanfor samferdsle, bruer og tunnellar, hev berre tent til å gjera Hordaland til eit nytt Stor-Bergen. “Region Bergen” er alt skipa, og flestalle kommunar i Nord- og Sunnhordland hev meldt seg inn. Heimesida på bokmål.

Neste prosjekt er ferjefri E39 – med seks kilometer bru yver Bjørnefjorden. Det skal laga eit endå tettare, oljesmurt samband millom bokmålsbyane Bergen og Stavanger. Sambandet skjer tvers igjenom det me trudde var nynorskland.

På papiret er det fint med Bergen og Askøy språknøytralt og resten nynorskkommunar. Mållaget drøymer um nynorsk vestlandsregion, men kva med røyndi? Einaste reint nynorske fylket i Noreg er Sogn og Fjordane, men dette fylket meiner Møreforsking er for lite til å vera leveført. Kva då med ein region av Søre Sunnmøre og Sogn og Fjordane? Det kunde gje godt fotfeste for nynorsken. Eller skal Sogn og Fjordane inn under eit stødt meir bokmålsdominert Hordaland, medan Møre og Romsdal hamnar under Sør-Trøndelag? Administrative stordriftsfyremuner trumfar både nynorsken og lokal identitet elles.

I Frankrike ser me dei same vegvali for elsassisk. I Elsass ser folk sjansen til å slå Bas-Rhin saman med Haut-Rhin til eitt Elsass, men styresmaktene vil helder laga èin stor region, Alsace-Lorraine-Champ-Ardenne – ein byråkratisk konstruksjon utan historisk grunnlag.

Tid for realisme

Målfolket lyt sjå realistisk på stoda: Strilekulturen er snart burte, til liks med mykje tradisjonell bergenskultur. Det hjelper ikkje å jatta med folk på utvatna dialekt og SMS-språk, me lyt sjå kva som gjer eit språk leveført.

Nokon må tala målet for at det skal vera eit mål – ikkje berre skriva det. Nokon må syngja det og nokon må lesa nyhende på det. Det er nett dei markerte ordi i nynorsken som det er kraft i, anten det er Noreg, kjærleik, løyve, samband og alle hine. Dialekten kann krydra visor og litterære tekster, men nynorsken sjølv må aldri verta minka ned til dette.

Islendsk med 200.000 brukarar stend sterkare enn det nynorsk gjer som jamstelt mål i eit land med fem millionar. Me treng nynorsk infrastruktur, me treng kjerneregionar for nynorsken og me treng sist – men ikkje minst – menneske som primært identifiserar seg med nynorsken og ikkje med dialekten – og som vågar stå saman um å gjera dei personlege og politiske vali som gjer at målet vårt yverliver.

Olav Torheim

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 1/2-2015, 2015-årgangen, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s