Sufjan Stevens syng ei melankolsk livsruna

Sufjan Stevens,
«Carrie & Lowell»,
Asthmatic Kitty, 2015

Utanum det uvanlege fyrenamnet so hadde eg i grunnen aldri høyrt korkje på elder um denne nordamerikanske multiartisten, Sufjan Stevens. På 17. mai vart namnet hans lagt fram i festlegt lag som «noko du kjem til å lika». Den 18. mai låg ein sliten kar på sofaen og lydde til mektige saker frå Stevens…

Det fyrste ein lyt hava klårt fyre seg er at dette er hovudsakleg tekstdriven musikk. Musikalsk er det sers vent å lyda til, måvita – med Stevens si øyrevenlege røyst og hans småe arrangement med gitaren attum. Kor som er, dette er musikk ein set seg til i godstolen og berre lyder til. Stevens er kjend som ein musikar med eit sers mangslunge livslaup attum seg (han hev millom anna gjeve ut heile album tileigna amerikanske delstatar –  «Michigan» frå 2003 og «Illinois» frå året etter, elektronisk inspirerte album og jamvel ymse slags kristeleg musikk). Han endrar stødt musikalsk innhald og sjanger, endå um den serskilde lågmælte røysti hans er eit kjennemerke. So kom det som platemeldar etter platemeldar hev framhevja som truleg høgdepunktet i livslaupet hans og ei av dei sterkaste platone i år generelt – «Carrie & Lowell».

Sufjan Stevens: Tekster og tonar som kjem rett frå hjarta.

Sufjan Stevens: Tekster og tonar som kjem rett frå hjarta.

Ein tøff barndom og ei fråverande mor

Plata er skrivi med utgangspunkt i at mor til Stevens døydde i 2012. Sufjan sat rett attmed henne på dødslægjet. Sjølve titelen på plata ber namnet til mor og stykfar hans som båe spela store rollor i livet hans, um enn på ulike sett. Mori var bipolar, schizofren og leid av rusmisbruk heile livet. Ho let borni, Sufjan og broren Marzuki, vera heime åleine etter måten mange gonger i dei tidlege åri deira: «when I was three, three maybe four, she left us at that video store» som han syng i «Should have known better». Der mori svikta slik, tok stykfaren Lowell yver og var ei klippa i livet til borni.

Noko av det mest hugvekkjande med Stevens er at han er ein truande mann som ikkje løyner dette i ein bransje der helst anten skal vera «kristen artist» (og med andre ord halda seg til den avgrensa nisjen) elder ein skal vera «som alle andre» (altso «progressiv ateist»). Opningssporet «Death with dignity» (Død med verde) råkar ein rett i magegolvet, og denne kjensla heldt seg plata ut: «I forgive you, mother, I can hear you. And I long to be near you. But every road leads to an end. Yes, every road leads to an end. [Y]ou’ll never see us again.» Alt er ikkje like sterkt materiale, måvita, men eit meir personlegt album hev denne platemeldaren ikkje vore ute for. Dette er noko so sjeldan som ei plata ein kann setja på og njota til fullo frå byrjing til slutt.

Eit rotut liv vert tonesett

Plata held det gåande i spor etter spor med knallsterke låtar som «Should have known better», «All of me wants all of you» og «Drawn to the blood». Låti som beinveges dreiar seg mest um mori er «Fourth of july» der Stevens syng um mori som døyr denne dagen i sjukesengi – av magekreften som hev eti henne upp. Det er nesten for vart og for personleg for oss andre som sit og lyder til dette mest intime augeblikket i Sufjan og Carrie sine liv, då låti tek form av ein samtale deim i millom: «Did you get enough love, my little dove. Why do you cry? And I’m sorry I left, but it was for the best. Though it never felt right[…]».

Plata vert runda av med ei slags vag forløysing, men samstundes er det her –  på slutten – at dei myrkaste låtane på plata kjem: «The only thing» og «No shade in the shadow of the cross». Her fortel Stevens um korleis han var nær å taka sitt eige liv med sjølvdestruktiv åtferd då det heile var på det verste, men korleis naturen og hans gudstru redda honom:

«The only reason why I continue at all, faith in reason, I wasted my life playing dumb. Signs and wonders: sea lion caves in the dark. Blind faith, God’s grace, nothing else left to impart».

Domen

Dette er ikkje musikk som kjem til å tekkjast alle, og ein lyt truleg vera i ei viss stemning for å verkeleg njota plata til fullo. Um du er gild i piano, gitar, tekstdriven musikk og poesi som gjev rom for ettertanke, so burde denne vera eit sjølvsagt kjøp. Eg tek meg stødt i å tenkja på strofor frå songane, og det kann ikkje segjast å vera kvardagskost i vår musikalske samtid med sin tanketome musikk og ålment låge kulturnivå. Sufjan Stevens hev med denne plata spela inn noko som kjem til å standa som eit melankolsk ettermæle til mor og (styk)far hans – lengje etter at me alle er kvorvne burt.

S. Andresen

Advertisements
Dette innlegget vart posta under musikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s