Hornelen, Vingen, Hamnen: Forfedre-triangelet i Ytre Nordfjord

Det er mange mystiske stader kringum i verdi – då tenkjer eg både på stader som det knyter seg mytar og segner til og stader som berre i seg sjølve vekkjer kjenslor og indre kraft. I Bremanger i Ytre Nordfjord finn me ein stad som hev alt dette på ein gong.

Heksefjellet Bloksberg i Tyskland er nok kjent millom dei fleste, men dette er berre eitt av mange magiske og myteumspunne fjell. Til dømes hev me i Austerrike fjellet Untersberg som vert sagt å vera heimen åt keisar Friedrich Barbarossa – som sov so lenge ramnane kann fljuga. Det vert sagt at han kjem til å vakna når folket atter treng honom som mest. Eit anna mystisk fjell i Austerrike er Grossglockner. Dette fjellet er den høgaste toppen i regionen, men det mest hugtakande er at fjellet ligg på det som skal vera ei kraftfull Ley-lina. Her samlar det energi som det strålar ut i universet.

Noreg hev sine eigne mytiske og mektige fjell. Me hev til dømes høyrt um Lyderhorn i Bjørgvin – eitt av dei sju fjelli i byen, der den gamle folketrui fortel at heksene dansar ved vintersolvindingi – i lag med trugande demonar. Slik skulde dei forheksa dei stakkars kristne som budde i nærleiken.

Heksefjellet Hornelen
Eit mindre kjent heksefjell finn ein i Nordfjord. Det er Hornelen, som er best kjent for å vera den høgste sjøklippa i Nord-Europa – med 860 meter frå toppen og rett ned i havet. Fjellet er  i seg sjølv eit mektig og majestetisk syn. Her med fortel folkediktingi um hekser som møttest på jolaftan og jonsokaftan for å dansa og halda fest saman med Styggen sjølv. Um heksene på Hornelen heiter det at at dei kom flygande til fjellet på sopelime – eller flygande på ryggen åt ein saudebukk. På Hornelen åt dei både lutefisk og løfse og andre godsaker – og Styggen skreiv dei inni boki si med blodet deira.

Hornelen, sedd yver Frøysjøen frå Vingen.

Hornelen, sedd yver Frøysjøen frå Vingen.

I ei av segnene vert det fortalt um ei trollkjerring som hadde tenkt ut eit lurt triks for å hindra at mannen hennar skulde finna ut kva ho dreiv på med um natti: Ho henta ei kvit geit i fjøsen og lagde geiti i sengi fyre ho sjølv flaug til Hornelen…

Det finst elles ei rad segner som knyter både Olav Trygvason og Olav den heilage til dette fjellet. Hornelen er helder ikkje so langt frå Berle, der den mektige Kveldulv – bestefar åt Egil Skallagrimson – hadde setet sitt. I  vikingtidi vart toppen på fjellet kalla for Smalsarhorn (Saudehornet), medan den nedste parten på fjellet framleis den dag i dag vert kalla for Helen. Jacob Aaland skriv i den gamle bygdeboki for Davik Herad at namnet som ein nyttar i dag, Hornelen, kann vera ei samanstelling av desse tvo upphavlege namni. Altso Horn-helen.

Kultiske bergbilæte i Vingen
Um me ser på dei arkeologiske funni i regionen, so er det verdt å merkja seg at ein rett i nærleiken – beint yver Frøysjøen – finn det største helleristningsfeltet i Nord-Europa, Vingen-feltet. Det hev um lag 2200 figurar. Dei eldste bergbilæti er so gamle som 6000 år.
Endå um folk på denne tidi hadde mykje meir fritid enn det folk hev i dag, so vart ikkje desse bergbilæti laga berre for moro skuld. Snarare tvert imot, arkeologane meiner at bergbilæti i Vingen tente rituelle og kultiske fyremål. Og på same måten som det mykje seinare skulde verta med med runane, so var det einast nokre fåe personane som vart tiltrudde kunsten å laga bergbilæte.

Um ein ser på kartet, so ser ein at Vingen er ein stad som er vandsleg å koma åt til fots. Trulegt hev folk kome til Vingen med båt ved serskilde høve, som ved heidenske festdagar. Her hev dei freista å koma i kontakt med gudane – som ein kann sjå på som abstraksjonar av krefter i naturen og menneskesinnet.

Tidlegare hev ein trudd at helleristningane i Vingen var knytte til jakt, men denne teorien hev arkeologane gjenge burt frå. Det er mange bilæte av hjort i Vingen, likevel er det ingen bilæte som skildrar jaktscenor. Dessutan so veit ein frå keltisk folketru at hjorten er eit dyr som rømer etter måten mange mytiske funksjonar. Elles so finn ein bergbilæte av menneske der hovudet hev opna seg, og dette er trulegt bilæte av menneske som hev nådd eit sjamanisk ekstasetilstand.

Steinalderbuplassane kring Skatestraumen
For nokre tiår sidan vart det vedteke at Bremangerlandet skulde knytast til fastlandet med bruer og undersjøisk tunnel, og i samband det det byrja ein å gjera utgraving langs det planlagde vegstrekket. Kring Skatestraumen kom ein då yver meir enn 150 forhistoriske buplassar. Ingen andre stader i Sud-Noreg finn ein so mange buplassar med so tjukke busetnadslag.

Skatestraumen lyt soleides ha vore eit slags senter for steinalderkulturen på Vestlandet. Her budde trulegt menneski som valfarta til Vingen med båt. Og um ein ser på kartet, so danar det seg heilt naturlegt eit triangel millom buplassane på Hamnen i Skatestraumen, kultplassen i Vingen og det myteumspunne heksefjellet Hornelen. Denne geometrien hev vore ein part av den heimstadbundne spiritualiteten åt steinaldermenneski i Nordfjord, tenkjer forskarane i dag.

Um ein gjeng so langt attende i tid som 6000 år, so var det eit heilt anna samfund enn i dag. Folketalet var sers lite, og det var soleides nok å eta for alle. Folk laut nytta langt mindre tid på å arbeida enn det ein lyt gjera i dag, og tidi var soleides ledig til å driva med andre slags syslar. Ein må hugsa på at dette var i tidi fyre jordbruket hadde vorte utvikla. Etter denne tidi auka folketalet sterkt, og arbeidet med jordi tok det meste av kreftene åt folk. I hinduismen er denne nye tidi kalla for Kali Yuga, ein endetidsbolk der folk misser den direkte kontakten med det heilage med di dei vert bundne upp i det materielle.

Fotavtrykk frå forfedrane
I heile Europa finn me slike fragment frå fortidi. Dei er ikkje so lette å få auga på, men dei er der. Det er ovringar som kann vekkja den åndelege sanseevna vår og kveikja oss til refleksjon yver vårt eige upphav. På same måten som ymse slags urfolk i dag so hadde jamvel våre eigne forfedrar tilgang til ein heimstadbunden, sjamanisk religion. Denne innfødde religionen gav dei høve til å koma i kontakt med dei kraftfulle, livgjevande – og jamvel øydeleggjande – kreftene i naturi og i universet. Jamvel um nokre av desse brotstykki hev yverlivt upp til i dag – med segner um hekser, trollmenner og demonar – so er desse segnene tufta på røynlege og heilage åndelege skikkar.

Um me vågar å sjå nærare på naturovringane ikring oss, so finn me fleire og fleire stader som er fulle av kraft. Dei er ei kjelda til undring, dei knyter oss til forfedrane våre og vekkjer attende interessa for den fyrrkristelege, nordiske soga vår.

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3/4 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 3/4-2014, mytologi og esoterikk, soga. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s