Nynorn – eit skriftmål vert til

Folki på Hjaltland og Orknøyane vernar den gamle arven sin med mykje byrgskap. No vil sùme av deim jamvel vinna det gamle målet sitt attende or gløymsla. Nynornprosjektet vert leidd av ein mann som kallar seg <> Han ynskjer fyribìls ikkje å få namnet sitt på prent.

Prosjektet vart skipa i januar 2006, men det var fyrst i februar 2007 at arbeidet byrja for fullt. Då eg spurde honom kven som er med på prosjektet, svara han at det er vanskelegt å segja. For det er eit hobbyprosjekt det dei som ynskjer det kan koma med sitt tilskot når dei hev tid.

Både nordmenner, irar og skottar hev sett sine spor på Shetland, Hjaltland og Orknøyane.

Både nordmenner, irar og skottar hev sett sine spor på Shetland, Hjaltland og Orknøyane.

Etter upplysningane eg hev fengi, er det fire eller fem kjernemedlemer i gruppa. Då eg spurde honom Hnolt, um det er mange på Hjaltland som ynskjer å byggja målet sitt uppatt, svara han;

“Nei eg trur ikkje folki her på Hjetland(deira namn på Hjaltland) og Orknøyane krev nokor atterreising av norn, av di folk flest ikkje hugsar noko slag av det. Endå um nokre fåe ord og uttrykk hev yverlìvt og framleides er mykje nytta. Dei som hev hug til språkvitskap er meir upptekne av å taka vare på den lokale skotsk-engelske dialekti… Det dei trur dei veit, er at norn er tapt og ikkje lenger moglegt å henta fram att.”

Etter at Hjaltland og Orknøyane kom under skotsk herredøme på 1400- og 1500.talet, fekk norn litt um litt minkande vyrd. Ibuarane på øyane, som i storparten kom frå vestkysten av Norig, tala ein lokal variant av norrønt mål (difor NORrøN).

Då skottehandelen var på sitt idugaste på 1600-talet, gjekk mange båtar (sokalla hjeltebåtar) att og fram millom Hjaltland og Sunnhordaland. Nordmenner og Hjaltlendingar skyna kvarandre godt (dette kan ein lesa um i lokalhistoriebøkar frå Sunnhordaland).

Då reformasjonen kom til øyane på 1560-talet, vart skotsk nytta i skulane. Og då den engelske versjonen av bibelen kom i 1740, vart norn ikkje lenger nytta på storparten av øyane.

Sakte men sikkert vart skotsk lokalmålet.

Det var berre nokre fåe ibuarar i fjerntliggjande bygder og grender som heldt fram med å tala målet. Det var ikkje fyrr tidlegt på attanhundradtalet at dei fyrste skriftene på norn vart skrivne, og målet døydde snart ut. Eldre vilde ikkje læra burt «den gamle skiten» til barneborni sine.

Nynorn, atterreisingsfyretaket, er enno på fosterstadiet. Men utviklarane er heilt klåre på det at dei freistar skapa eit lìvande mål, både i tala og skrift, bygt på det som stend att av norn. Nynorn skal verta slik dei trur norn hadde vorti um det hadde yverlìvt til i dag.

Dei nyttar dei fåe kjeldone dei hev som best dei kann, men må sume tider ty til hjelp frå dei hine nordiske språki for å tette att hòli. Dei ynskjer å gjera meir stoff um norn tilgjengelegt på veven au.

Visst laut eg spyrja honom Hnolt um han ser på Ivar Aasen som ei inspirasjonskjelde. Han svara:     

“Ivar Aasen var ikkje hovudinspirasjonen min, men eg hadde arbeidet hans i hovudet då eg skipa prosjektet, måvita… Hovudinspirasjonen min var sjølve interessa mi for norn…”

Han dreg dessutan fram kor viktugt arbeidet åt den færøyske språkforskaren Jákup Jákupson(1868-1918) både var og framleides er for honom og prosjektet, sidan so godt som alt arbeidet byggjer på Jákupson si forsking. Prosjektet hadde vore umoglegt utan honom, fortel han.

Det vetle som vart skrìvi um norn (t.d. av Jákup Jákupson) tyder på at målet med tidi hadde tileigna seg etter måten mange austnordiske drag (t.d. at harde konsonantar vart mjuke), endå um målet historisk sètt var vestnordisk. Og det var det nok upphavlegt au, for på dei mest avsides øyane fann ein klåre vestnordiske drag (millom anna på øyen Foula, som hev namnet sitt frå det norrøne Fuglaey).

Tonefallet i dei ymse dialektane er svært likt det på Vestlandet, og er eit av dei tydelegaste teikni på den norske avstammingi deira. Dobbel l [ll] vert til [dl] i dei vestlegaste dialektane(som på Foula), medan han vert palatalisert [lj] i innlandet.

Det same gjeld dobbel n [nn] som vert til [dn] og [nj]. Desse ljodane finn me att millom anna i Sogn og Fjordane og Trøndelag her i Norig.

Målet var historisk tett knytt til færøysk, noko som er naturlegt av di øyane er so nære kvarandre. Det er ikkje godt å segja kva som gjer at det i sume dialektar er samanfall med austnordisk og andre stader med vestnordisk. Kann hande skriv det seg frå nært samband med andre stader i Norden, kann henda er det frittstandande utvikling. Det at målet hadde likskapar med svenskt er endå ei gåte, sidan me ikkje veit um noko nemneverdugt samband millom Sverike og øyane i vest. Blandingi millom dei aust- og vestnordiske trekki, gjev målet eit heilt eigi framtoning. Noko som berre er bra. Det skal då verta deira eigi mål, ikkje ei blanding millom islendskt og danskt.

Mållæra er rimelegt vanskeleg jamført med den norske, men ikkje like gali som den islendske. Nynorn hev t.d. eit mykje meir umfemnande kasussystem enn moderne norskt (t.d. nemnefall eintal: hest. Sidefall fleirtal: heston). Det er ei rad likskapar millom nynorn og nynorsk, serskilt i namnordsbøygjingi.

Formverket til nynorn er enno ikkje sett, og so lengi det held fram slik, kjem det til å vera vanskelegt å spreida målet. Prosjektet hev sitt eige ordifteforum på verdsveven. Dette forumet dreg til seg språkhugne frå heile Europa, og so godt som alle hev innspél. Men det er fåe som tek seg bryet med å faktisk læra seg språket.

Um ein hev hug til det, kan ein gå inn på forumet og ordskiftast um målvoksteren der. Inspél er sers velkomne. Det er eit eineståande høve til å vera med på å dyrka fram eit heit nytt nordiskt mål!

NOKRE FAKTA UM HJALTLAND, ORKNØYANE OG NORN

•Hjaltland(Shetland) og Orknøyane(sùme tider kalla Vesterøyane) ligg rett nord for Skottland, og mange nordmenn slog seg med der i Vikingtidi. I dag høyrer øyane til Storbrittania.

•Norn; den norrøne dialekti som vart tala på Hjaltland og Orknøyane frå vikingtidi fram til slutten av 1800-talet.

•Nynorn er eit friviljugt prosjekt der ein freistar å atterreisa norn til ein ny målform som kan verta nytta på øyane i dag.

Døme på norn frå Foula(Hjaltland) Fadervår, 1774:

Fy vor or er i Chimeri. Halaght vara nam dit. La Konungdum din cumma. La vill din vera guerde i vrildin sindaeri chimeri. Gav vus dagh u dagloght brau. Forgive sindorwara sin vi forgiva gem ao sinda gainst wus. Lia wus ikè o vera tempa, but delivra wus fro adlu idlu. For do i ir Kongungdum, u puri, u glori, Amen.

E. Øyre

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3/4 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 3/4-2014, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s