Gjev borni rotnorske fyrenamn!

I dei seinste yversynerne yver fyrenamn som vert gjevne nyfødde born, ser me at sers mange nye nordmenner fær unorske namn. Dei fem mest gjevne karnamni i 2000 var Markus, Kristian, Martin, Sander og Andreas, og dei tilsvarande kvendenamni var Emilie, Ida, Thea, Julie og Ingrid. Berre eitt av desse namni er norskt, og på karsida må me heilt til nittandeplass fyrr me finn det rotnorske namnet Sondre! Alle dei hine namni hev unorskt upphav, anten dei hev kome inn for fleire hundradår sidan elder dei seinste tiåri.

Desse og mange andre namn trengjer undan god norsk namnesed, og gjer at gamle heimlege namn vert gløymde. Dette er ei låk stemneleid som me ynskjer å retta på.

Norske born treng norske namn!

Norske born treng norske namn!

Dei norske namni er uløyseleg knytte til det norske målet. Til liks med anna ordtilfang hev dei fylgt framvoksteren i målet vårt frå dei eldste tider. Soleides brigda det frumnorderlendske namnet *AnulaibaR seg til gamalnorsk Óláfr og seinare til nynorsk Ola(v). Dette er berre eitt døme. Like eins finst det gjerne mange målføreformer av same namnet, som fylgjer reglarne i målføret elles. Det gamle norske namnet Guðrún hev vorte umlaga til Guru (Trøndelag), Guro (Telamork og Hordaland) Goro (Heidmark), Gurå (Nordmøre) og Gyro (Sætersdalen). Dette syner til fullnads at namni er ein lut av målet.

Medan mange av dei rotnorske namni er vovne saman med andre ord i målet vårt, er gjerne unorske, lånte namn lausrivne frå anna målfang. Når nokon heiter Bjørn og Ulv, skynar me med ein gong kva upphav namni hev. Like eins kann me sjå at namn som Sigrid, Sigurd og Sigvat heng saman med (ein) siger, og det er greidt å vita at namnet Svein tyder ’ung mann’ på norsk. Kven kann segja kva Markus og Emilie tyder, utan å visa til ordsoga i framandmål?

Grunnleggjaren av det norske skriftmålet, Ivar Aasen, samla norske personnamn på ferderne sine kringom i Noreg, og i 1878 gav han ut Norsk Navnebog, som er ei brukande kjelda til norske fyrenamn den dag i dag. I kjølvatnet åt boki fekk me ei atterføding av gamle norske namn. Karnamn som Geir, Kåre, Odd og Sverre, og kvendenamn som Astrid, Bergljot, Gerd og Inga, som alle hadde vore lite nytta sidan millomalderen, kom i vanlegt bruk att i denne tidarbolken. Når me ser kva namn mange born fær i dag, ser me at det trengst nye upptak til å reisa dei norskrøtte namni.

Det er um å gjera å halda uppe det norske målet og det beste i norsk kultur, og då må me hava umsut for å føra fram den norske namneseden. Namni fylgjer oss gjenom heile livet, og set merke på samfund og soga. Difor bør ikkje namneval takast på slump. Ivar Aasen-sambandet uppmodar alle nybaka foreldre og andre um å setja seg inn i god norsk namnesed, og vonar å få sjå fleire born med heimlege namn i framtidi!

Denne fråsegni vart vedteki av styret i Ivar Aasen-sambandet den 27. august 2001. Ivar Aasen-sambandet vart nedlagt i 2004, av di dei sentrale aktivistane helder vilde samla kreftene um bladet Målmannen – og nytta tidi på skribentverksemd, upplæring og opinionsbygging. Dette arbeidet held fram i dag.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s