Kvifor vil me ha norsk mål?

Di betre og friskare åndsvoksteren er hjå eit folk, di meir vyrder det morsmålet sitt. Men så lågt kann eit folk stå, at det ikkje bryr seg um morsmålet. Det hev då mist den naudsynlege livsviljen sin og all naturleg ærekjensla. Og då hev det ingi framtid.

Me tykkjer synd i ein mann som vandvyrder alt det som høyrer til hans eigne foreldre og hans eigen heim, og me trur ikkje det kann gå han vel i lengdi. Me hev aldri set noko døme på det. Det fjorde bodordet er ei guddomeleg lov som vernar um heimen. Og dei tusen heimane utyver landet, er ikkje det fedreheimen? Di fleire av deim som vert utrue og vandvyrder dei dyre livsens skattane som me hev ervt etter fedrane, di større er fåren for folket.

Målreisaren og måldyrkaren Lars Eskeland (1867-1942).

Målreisaren og måldyrkaren Lars Eskeland (1867-1942).

So stor og dyr ein ting er tungemålet, at ættarlivet er avspegla i det. Ålkjent er eit fransk ord som segjer at ”tungemålet er folket”. Og ein russisk storskald segjer at det er tungemålet i Russland som gjer at han kann tru på ei framtid for fedrelandet sitt.

I den beste tidi vårt folk hev havt, totte dei storleg gildt um målet sitt her og. Ein vismann bad um at dei ikkje måtte gløyma det, kor mange framande mål dei lærde. Og ein prest minte ein gong kyrkjelyden sin um at alle måtte beda på sitt eige mål. ”For Gud kann alle tungemål”, segjer han.

Men då det gjekk so gale med oss, at me vart styrde frå Danmark, so tala ikkje lenger prestane våre soleis. Dei gjorde seg til tenarar for framand-veldet. Og det hev dei for det aller meste halde ved med til denne dag.

Me hev grunn til å klaga sameleis som Tomas Kingo gjorde. Han vilde so gjerne ha morsmålet upp til full heider, og han gjorde mykje til det med salmesongen sin. Men det var mange som helst vilde bruka tysk i Danmark då. Tysken var det same der då for dei som tottest vera dei beste og ypparste i folket, som dansken hev vore her i lange tider. Det er mange, segjer han, ”der have maaske i tredive Aar ædt Fedrelandets Brød i Hans Majestæts Tjeneste og har dog ikke villet lære tredive danske Ord. Enten det nu er vort gode gamle danske Sprogs Skjæbne, at det skal agtes om af dem som vi agte højt om, eller om de indbilde seg (fordi de ikke vil forstaa det), at det er et Vadmels-Sprog, og derfor ej gide tage det paa deres Silketunger, det lader jeg staa ved sit Værd”.

Desse ordi av Kingo høver like godt hjå oss no som dei høvde i Danmark på hans tid. Der vann dei seg upp or stakkarsdomen. Det vil gå sameleis her hjå oss, so sant me er liv laga. Men me er alle skyldige til å gjeva kvar si hjelp. Og

                ”tek kvar og ein sin vesle stein,

                er snart vår åker rein”.

Lars Eskeland, 1927

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s