Svar frå ein målfanatikar

Målmannen-redaktøren hev havt rydjeykt og kom yver gamle innlegg og stykkje av ymist slag. Millom anna dette lesarinnlegget i Sunnmørsposten frå september 2000, det hev diverre vorte reaktualisert i samband med nedleggingi av prosjektet Norsk Ordbok. Me yverlet til lesarane sjølve å vurdera um bladstyraren er vorten meir eller mindre fanatisk med åri…

I Ytring-spalta 16 august finn me endå eit klagemål yver alle dei rare ordi som finst i nynorsk. Denne gongen heiter avsendaren Aina Ervik. Ho kallar arbeidet med Norsk Ordbok eit pengesluk og vil dessutan ha slutt på sidemålsundervisingi. Dei som måtte vera usamde i dette kallar ho ”målfanatikere”.

Norsk Ordbok er det største ordboksprosjektet me hev havt her til lands, og då kostar det naturleg nok pengar. Andre kulturnasjonar kom i gang med arbeidet alt for 150 år sidan. Synd for Ervik at ho ikkje skynar alle ordi forfattarane hev samla saman, men slik er det berre, nynorsken hadde vore eit ringt mål um ikkje.

norskordbok

Erdal kann ha rett i at mange skuleelevar helst vil sleppa nynorsk av di dei trur dei ”ikkje fær bruk for det”. Kor som er, den vidaregåande skulen er meint å gje ålmenndaning. Det motsette av den ålmenndana er ikkje analfabeten, men fagspesialisten. Skal nynorsken ut or norskfaget, kann han like godt få fylgja av dialektlæra, målsoga og halve litteraturen. Desse fagbolkane er ei hjelp til å setja seg inn i det nynorske målet.

Nynorsken er ein nasjonal kulturfaktor, og kultur er noko ein tek seg råd til, det er ikkje noko som skal gjeva økonomisk avkastning. Vinningi nynorsken kann gjeva ligg på eit anna plan. Nyare forsking syner at det norske målet rømer si eigi fyrestellingsverd, og desse fyrestellingane kann ikkje uttrykkjast like godt på eit anna mål. Kjent er dømet hans Henrik Wergeland som helder vilde nytta ordet ”Fos” enn ”Vannfald”, då kjende han betre spruten og duren. Medan nynorsken vekkjer kjenslor, kjærleik og draumar, vantar desse dimensjonane i bokmålet.

I slutten av innlegget sitt peikar Ervik på at Ivar Aasen sjølv tala dansk til sin døyand dag. ”Ivar Aasen forstod kanskje at demokrati betyr å velge selv?” spyrr ho retorisk. Ho um det. I eit demokrati treng me folk som vågar å stå for noko. Vel du bokmål, vel du minste motstands veg. Det er lesarbrevet hennar Ervik endå eit døme på.

O. Torheim

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s