Norskt mål, kva er det?

Korleis kann ein forstå seg på kva som er norsk mål? Kva skal til for at ein skal læra seg målet og å læra andre upp i kva som er godt mål, god målbruk og viktige sidor ved språk, levnadssett og samfund? Korleis lærer ein folk å skriva god norsk og å bruka godt norsk mål munnleg? Dette er store spursmål.
Nokre tenkjer seg at norsk språk er noko som alle hev greida  på. Ein slump målfolk meinte i si tid at små born var meisterar i målbruk. Det er mogleg at små born er meisterar i å læra seg mål på ein fordomsfri måte, men derifrå til å tru at det er råd verkeleg å verta klok på kva språk er og i dette tilfelle kva norsk mål og målbruk er – det er ein nokso drjug veg.
I norsk målstrid vert det ofte snakk um grammatikk og bokstavstrid. På den andre sida vert det lagt lite vekt på stillæra, litteraturforståing og soga. Det finst jamvel grunn til å granska målet innanfor mange faggreiner. Fagmålsgenren er ei sak for seg både når det gjeld ord, uttrykk og setningsbygnad og tekstskriving. Attåt er det eit heilt emne å forstå seg på korleis tekster vert uppfatta av dei som les og granskar deim. Den kognitive psykologien, tekstlingvistikken og andre fagumkverve hev enno mykje å læra oss.
Dersom me held oss til korleis born lærer seg mål og målbruk, må ein skilja millom det som skjer utan serlege innføringar eller tilretteleggjingar, og det som vert gjort med gjenomtanke. Barnehagar, fyrrskular og skular hev sine framgangsmåtar. Det er ikkje naudsynt å gå inn på einskildsaker i so måte. Ein kann halda seg til nokre yverordna grunnsetningar.
Ein kann starta med born og sjå korleis born kann læra seg eit mål, so kann ein gå vidare og sjå korleis folk lærer seg mål og målbruk på ulike umkverve. Det som er mest interessant er kannhenda korleis ulike fagsamansetjingar kann få folk til å ha eit serskild syn på mål og målbruk. På universitet og høgskular er det ofte klåre skilje millom fakultet, institutt og innetter på institutti. I norskfaget er det vel slik at ein i hovudsak kunde tala um tri tilnærmingar. Dei som driv med grammatikk og dei som driv med tekster og dei som driv med soga innanfor ulike faglege tilnærmingar.  Det er naturleg nok ikkje visst at alle vilde vera samde i ei slik inndeling, men eg trur ho er brukande.
Elles kann ein vel òg snakka um ulike måtar å tolka tekster på. Det er ikkje berre i norskfaget ein tolkar tekster. Det er heller ikkje berre i norskfaget at ein driv med grammatikk. Det finst andre språkfag, og det finst andre fag der tekster og byggjesteinar frå grammatikken kann koma sterkt med i det faglege arbeidet.
Elles hev språket ei tilknyting både til den einskilde målbrukaren og til samfundet kring målbrukaren. Slik sett vert fag som psykologi og sosiologi snart sentrale. Men det er serleg samfundsfagi som hev gjort seg gjeldande i språkdelen av norskfaget. Innanfor den litterære tolkingi stend vel derimot psykolanalysen sterkt. Kor som er, faggrensone kann vert a drivande når ein kjem upp på høgt nivå, og forskarar kann ha gode kunnskapar innanfor fleire fag og fagemne.
Derrida, Bourdieu og Habermas er namn som snøgt kann bikka millom faggrensor og vera med på å dana skule for korleis ein skal arbeida med å leggja upp ymse delar av faget. Byggjetilfang frå sogefaget kann slå inn når ein skal arbeida med delar av norskfaget. Det er til dømes ein gamal sedvane i faget som hev sete att frå den historisk-biografisk metoden –  at ein gjerne legg upp faglege inndelingar utfrå kronologi, kjeldekritikk og gransking av einskildpersonar. Nyare litteraturteori som til dømes Derridas dekonstruksjon gjer at slike gamle måtar å setja i hop viktige sidor ved faget vert sette noko til sides og nye tilnærmingar hev vakse fram.

Er grammatikk viktigaste i målupplæringi?
Kor som er, um ein tek til med born kann ein vel slå fast at dei lærer seg mål nokso snøgt gjenom å studera målbruken til vaksne. Dei hermar dei vaksne Det gjeng ikkje mange åri fyre uppbygnaden i målet sit etter måten godt. Ein veit kva som er godtakande å segja og kva som ikkje er godtakande å segja.  Ein vert ikkje utlærd, men jamfører me kor vandslegt det er å læra seg framande språk når ein vert eldre, so kjem borni godt ut.
So kann ein alltids segja at det er morsmålet som glid lettast, men born kann læra seg ei rad språk i ung alder, so at morsmålet skulde vera lettare å læra og at mål nummer tvo skulde vera vandslegare – det er det ikkje so beinkløyvt å segja. Det finst nok av døme på både målsamfund og born som hev vore tvospråklege i ung alder og som hev greidt å halda på eitt eller fleire mål vidare i livet. På den andre sida er det vel vanlegare at mange berre lærer seg eitt mål. Men igjen kann ein verta lura, for målbruken kann vera umskifteleg. Sosiolingvistikken hev studert avvik i målbruken til den einskilde millom anna utfrå millommenneskelege hopelag, og den viser at det kann vera etter måten store avvik i talesettet til den einskilde ut frå kven han talar med.
Sjølve språket som uppbygnad er iallfall noko ein kann læra seg, men born lærer ikkje formell grammatikk. Dei lærer ved hjelp av naturmetoden. Det er dei færraste – um enn noko barn i det heile – som set seg til å lesa grammatikk fyre dei kjem til skulen. Der hev dei måtta læra skilnaden på språkljodar og skriftmålet, men i periodar vart LTG-metoden (Læring på talemålets grunn)  nytta. Det førde truleg med seg at borni mista noko av evna til å sjå skilnaden millom tale og skrift. Born må òg til ein viss grad læra seg kva setningar som er godtakande fyrst i talemålet og seinare i skriftmålet og kva som ikkje er godt talemål og skriftmål, men det kann vera stor skilnad i evna til å ordleggja seg godt.
Grammatikk-modellen som ein kunde tru var den viktigaste, let soleis til å vera vanskeleg å nytta til å forklåra korleis born lærer seg språk. Formelle kunnskapar i grammatikk kann neppe vera utslagsgjevande for at ein vert ein dugande språkbrukar i ung alder. Men den kann kannhenda nyttast seinare? Språket vert iallfall lært gjennom røynleg og daglegdags målbruk heime i huslyden og ute millom andre born. Skriftmålsupplæringi må i all fall til ein viss mun føra med seg at borni lærer seg noko um avstanden millom tale og skrift, men likevel er det enno mange einskildlekkar som peikar mot at naturmetoden spelar inn jamvel i denne læringstidi.

Er tekstar det viktigaste når ein skal læra born språk i skulen?
Grammatikk er ikkje like viktig for alle som arbeider med språk. Det mest handfaste som alle med fagkunnskapar kjem burt i er at ein skal lesa tekster og finna fram til korleis tekstene vil nå fram og når fram til ein. Det som vert sagt gjennom tekstene skal leggjast ut og tolkast og ikkje minst forståast.  Det er vel òg slik at det er ein samanheng millom å kunna ordleggja seg godt og samanhengande i daglegmålet og å lukkast med å lesa og skriva lange tekster.
Ein kann vanskeleg avvisa at gode lesekunnskapar og mykje lesing gjer språkbrukarar meir lærde og betre i stand til å læra meir. Det treng naturleg nok ikkje å vera ein samanheng millom mykje lesing og å verta god til å læra seg språk, men det er heller ikkje slik at det ikkje er nokon samanheng millom å nytta språket godt og å ha lese mykje. Les ein mykje er det ein stor sjanse for å lukkast med å ha eit godt talemål og eit godt skriftmål. Skal ein verta ein dugande språkbrukar, må ein lesa mykje. Det er som med andre gjeremål: godt arbeid og mykje arbeid gjeng hand i hand. Ein må ha nokre gjevnader, men for at ein skal lukkast må ein likevel arbeida hardt.
Kva er det so ein lærer seg gjenom å lesa tekster?  Ein kann nok granska dette reint språkteknisk, jamvel um språkbrukarane ikkje tenkjer yver kva dei lærer av å bruka språket i praksis, so kann språktamen testast, og den vert testa. Kor god ein er til å lesa kann mælast gjennom formelle testar og gjennom at ein skriv tekster.
Det som derimot fløkjer det til er at dei som skal verdsetja tekster kann ha ulike tilnærmingar til korleis desse tekstene skal vurderast. Ein kann jamvel ha ulike meiningar um kva som er viktig i tekster i det store og det heile. Er det viktig å nytta rett ortografi i alle samanhengar, bøygjingsendingar og setningsbygnad? Eller er innhaldet viktigare? Er tekstkunnskap viktig? Naturlegvis vil målet vera at alt skal falla på plass, men alt kann ikkje granskast og arbeidast med på ein gong.
Fyremålet med tekster og innhaldet i tekster stend upp mot den språklege utformingi av tekster. Det finst mange typar tekster. Det som ein gjerne fyrst vert innførd i i barneåri er praktisk målbruk og samansette tekster. Desse samansette tekstene som kann vera film som i barnetv eller andre framstellingar er vel i mange tilfelle prega av enkle setningar, stemningsskapande byggjeseteinar knytte til musikk og røystebruk og at ein nyttar rim, regglar, songar og handfaste forteljingar.
Skjønnlitteratur er ikkje nok, jamvel i ung alder må ein møta fagprosagenren. Det er denne genren som gjer det mogleg å læra noko gjenom ettertanke yver den røynlege verdi. Born høyrer  til dømes nyhendesendingar og tenkjer yver det dei høyrer og spyrr dei vaksne. Når ein les og høyrer, lærer ein seg til dømes det ein i retorikken kallar tropar og figurar. Tropane stend for symbol eller biletspråklege vendingar. Figurane er ulike måtar å ordleggja seg på gjenom den måten ein set saman ytringar, setningar og lange periodar og avsnitt. Eller sagt på ein stuttare måte; ein lærer seg fyrst setningsbygnad og talemåtar. Det tek lang tid å læra seg at ord kann vera fleirtydige.
Ein dugande målbrukar lærer seg ikkje minst korleis ulike ytringar kann nyttast i kommunikasjon. Det er noko som ein treng å få med seg um ein kjem til utlandet òg.  Einfelde ytringar som segjer noko um kva ein meiner og kva ein vil uppnå.

Kvifor skal ein læra språk?
Her kjem ein unekteleg til eit hovudpunkt. Kva er det den einskilde språkbrukaren vil læra seg. Kva fag eller emne er det som er viktuge for vedkomande? For sume er sportsidone det viktugaste ein kjem til å lesa i all framtid, for andre er det dataspel som stend høgast i kurs, og det kann vera stor skilnad millom å vera forviten etter realfag og å vera interessert i humanistiske fag.
Skal ein forstå seg på språk, kann det kor som er vera verd å kunna noko um andre fag. Semantikken lærer oss at samanhengar i tekst ikkje treng å vera fylgjestrenge utfrå ein slags formallogikk. Det høyrer med til kunnskapane i eit mål at ein kann greida å setja saman ord som hev ein tydingssamanheng. Desse tydingssamanhengane kann vera uråd å få med seg um ein ikkje kjenner ei ovring. Mange av dei vert nok likevel tekne for gjevne.
Skulde ein gjera absolutt alle tydingskoplingar likeframme (eksplisitte), vilde ikkje språkbruken verka naturleg. På den andre sida er det rom for å tolka til dømes dikt på ulike måtar. Det er heile meiningi med mange skjønnlitterære og andre ytringar at dei skal kunna tolkast på ulike måtar. Dei er med på å gjeva oss innsyn i korleis me brukar språket og lærer oss å bruka språket på nye måtar.
Innanfor litteraturfaget kann ein vel av og til få inntrykk av at sogedelen stengjer av for nye tilnærmingar. Norskfaget hev i mange år vore sterkt kopla til norsk litteratur, medan europeisk og verdslitteratur ikkje hev kome til sin rett innanfor norskfaget. Norskfaget hev vorte eit fag som hev stengt seg av frå ei breid tilnærming til verdi ikring oss.
Jamvel um ein syslar med norsk språk, vil ikkje det segja at ein ikkje skal kunna henta inn litteratur frå andre land og andre tider og lesa desse med interessa. Det let til å vera ein vanske at litteraturvitarar på høgt nivå taper seg burt i litterære teoriar, medan historikarar ikkje ser ut til å vera serlegt upplærde i litteraturteori. Koplingi millom å vera historikar og å kunna litteraturteori på høgt nivå burde vera ei upplagt kopling i mange tilfelle. Norsk og historie er fag som heng saman. På den andre sida verkar det som at det er sjeldsynt at ein verkeleg møter freistnader på å finna møtepunkt millom sogefaget og litteraturfaget. Det let til å vera tvo skular for seg.
Det er på sett og vis upplagt at ein historikar må ha eit breidare syn på kva som skal tematiserast og vender seg meir mot røynlege samfund og fakta som ein kann henta ut frå soga, medan ein litteraturvitar på sett og vis vender seg mot teori og ytringar og ovringar som tek upp uppdikta litteratur. Dette gjeng kort og godt ikkje godt i hop. Medan den eine sankar inn kjeldor og set dei saman etter tidslinor, tema og i det store og det heile gjennom tanken um handling gjennom tid, bryt litteraturvitarane med denne tankemåten.
Litterære ytringar kjem ikkje alltid til same tid.     For ein litteraturvitar kann det vera like interessant å lesa eventyr som norrøne soger. Tidsperspektivet og uppkløyving etter tidslinor kann falla heilt ut for ein litteraturvitar. Verkemiddel i dikt kann vera av eit slag i eit dikt frå 1900-talet og eit anna slag frå 1600-talet. Dikti kann lesast parallelt.
For ein historikar vil det vera vanskeleg å sjå på språket som noko anna enn ein reidskap. Språket er ein reidskap, samfundsfag ein annan reidskap. Innanfor realfagi vert tidsformene heilt onnorleis. Ein fysikar kann draga inn millionperspektiv. Slike perspektiv vert lite gjevande innanfor sogefaget. Kjeldetilfanget vert dårlegt og andre vitskapar kann forklåra det som skjer på ein langt betre måte enn sogefaget som er best til å skapa samanheng i hendingar, ikkje til å å forklåra dei store umveltingane som fysikken og kjemien kann  leggja fram og ettervisa.

Reidskap eller sjølvstendig ovring    
Um me vender attende rakt til spursmålet innleidingsvis um korleis ein kann forstå seg på kva som er norsk mål: Då kann ein vel slå fast at grammatikk og tekstlæra er viktig, men skal ein verkeleg koma inn på noko som veg tungt, må ein truleg koma til spursmålet um kvifor språk er viktig. Utan at ein kjem inn på kva det er som gjer språk viktig for folk og i serleg grad for den einskilde, er det nok vanskeleg å verta røynlegt klok på kva det er som skal for  at ein skal læra seg målet og å læra andre upp i kva som er godt mål, god målbruk og viktige sidor ved språk, kultur og samfund?
Kannhenda er det noko rett slik samfundsvitarane legg det ut at diskusjonane yver eit tema er det viktige. Fyrst må ein læra seg umgrep, so må ein visa at desse umgrepi kann leggjast ut og brukast på ulike måtar og til slutt må ein kunna nytta dei når ein diskuterar sjølv. Ordskiftet er det som viser um ein er ein kunnig målbrukar, so vil vel iallfall mange samfundsvitarar meina.
Det ein endar upp med er vel uvilkårleg kor vidt ein ser på språket som ein reidskap eller på språket som ei sjølvstendig  ovring. Er språket noko som me skal nytta til å segja det me vil, eller er språket ei ovring som skal granskast for seg sjølv utan noko anna fyremål enn å finna ut korleis språket sjølv verkar på umgjevnadene, eller evt.  endå meir nærsynt korleis språklege ovringar kann vera morosame eller spanande granskingsemne i seg sjølve? All vitug upplæring i norsk eller andre språk må vel byggja på at ein ser på språket som eit granskingsemne i seg sjølv, samstundes som at ein innser at språkbrukarane sjølve må vera med på å setja språket inn i dei rette samanhengane og nytta språket som ein reidskap. Teori og praksis heng unektelegt og uløyselegt i hop.
Men dei einskilde prioriteringane i norskfaget og korleis ein skal prioritera i norskfaget, det er nok eit langt større emne.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2012, 2012-årgangen, målsak. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s