Guillaume Faye og arkeofuturismen

Guillaume Faye,
L’Archeofuturisme,
1998 (2. upplaget i 2011),
L’Æncre

Guillaume Faye var på 1970- og 1980-talet, saman med Alain de Benoist og Pierre Vial, ein leidande talsmann for eit ideologisk straumdrag som – fyrst i dagspressa og seinare med ein viss tvihug av dei sjølve med – er vorte kalla for “det franske nye høgre”, og som var samla kring den filosofiske tenkjetanken GRECE. På midten av 1980-talet tok Faye farvel med GRECE av di han vilde freista å skapa seg eit namn gjenom å uppnå yrkesframgang som bladmann, men i 1998 var Faye attende, med “L’archeofuturisme” – ei bok som gjev til kjenne at  Faye kjem attende i offentlegt ordskifte. Boki hev vorte standande som Faye sitt politiske og ideologiske hovudverk. Boki var lenge utseld frå forlaget, men kom i 2010 i engelsk utgåva (Arktos) og var i 2011 endelegt atter å få tak i på fransk.

Guillaume Faye i Moskva, 2007.

Guillaume Faye i Moskva, 2007.

Det moderne samfundet kjem til kort
Guillaume Faye skildrar eit Europa i uppløysing, både når det gjeld levnadssett, folkesamansetjing og pengestyring. Motsetnadene millom Nord og Sud, som det vart sett ljoskastarar på i 1980-åri, er minst like dagnær no som fyrr. Men no er jamvel  velferdssamfundi i Nord truga av ein lagnad som liknar den til dei vanstyrde u-landi i Sud:
-I den tridje verdi aukar folketalet so det dunar, og det er uråd å få alle i den tridje verdi upp på vårt råvareforbruk. Noko slikt hadde fløkt det til med di ein måtte ha nytta meir råvaror og tæra meir på jord, luft og vatn.
-I den vestlege verdi vert folkesetnaden eldre og eldre, med di økslingstali gjeng ned. Det vert fødde færre enn det døyr folk. Arbeidsinnvandring skal etter segjande løysa floken, men kjensgjerningi er at land som til dømes Tyskland fær mindre enn tiandeparten av den faglærde arbeidskrafti dei er på jakt etter. Det store fleirtalet av dei som kjem er ufaglærde og vert ei last for dei stødt færre som arbeider (jamfør vårt eige SSB som spår 8 millionar menneske i Noreg um 50 år, og Brochmann-utvalet som slær fast at innvandring kann kosta oss heile oljemidelen).

Verklaus likskapstenkjing
Upp gjenom soga hev ein sett at dei samfundi som er rolege og bereføre, det er samfund som hev vore prega av å ha einkynde folkegruppor, men samstundes hev store skilnader på det millommenneskelege planet, med rangskipnad og orden. Men i dag er det umvendt, ein freistar å tvinga igjenom eit samfund som skal vera ihopsett av mange folkegruppor, men samstundes einkyndt på det millommenneskelege planet og jamvel eit likskapssamfund.
Døme på at likskapstankegangen hev gjort buslit, finn ein i alle dei kunstige rettane som ein hev i det moderne, liberale samfundet. Dei hev vorte innførde for einskildmennet, men trugar med å meinka sjølve samfundet og gjera det verklaust: Alle hev rett til eit minstemål av livestandard, alle hev rett til utdaning, alle hev rett til å gifta seg med kven ein vil, jamvel med einkvan av same kyn…
Ein sluttsats av at alle skal ha rett til utdaning, er skulen i våre dagar vorte ein einaste stor “barnehage” der lærarane fyrst og fremst er umsutspersonar og ikkje lenger kunnskapsformidlarar. Elevar med rike foreldre vert som ei fylgja av dette helder sende til privatskular enn til ein offentleg skule der minstemåli er søkkte ned når ein skal få trykt alle gjenom det same systemet. Slik fører likskapstankegangen til slutt likevel til å sementera skilje, framfor å hjelpa fram dei som hev evnor og gåverikdom.
For ingen rettar kjem av seg sjølv, til rettar høyrer det pliktar. Det gjeld millom anna ekteskapet millom mann og kvinne. Dei rettane som ektepar fær, er eigenlegt ei motyting for at dei byggjer ein heim for born – ei trygg råma der dei kann føra slekti vidare og skaffa fram framtidig arbeidskraft.  Homofile ekteskap, der det ligg i korti at partnarane ikkje kann få eigne biologiske born saman, er soleides motsegjingsfullt, sett frå både naturen og samfundet si sida.
Dagsens liberalisme og  ålgildskap (universalisme) er etter Faye sitt syn å tru på eit underverk. Ein hev ikkje råvaror nok til eit likskaps- og velferdssamfund for alle, og i eit mangkulturelt samfund hev ein helder ikkje lenger den samkjensla millom borgarane som trengst for å dela på dei godi som finst. Å byta ut armodet millom mange kann soleides helder ikkje vera løysingi. Råvareknappleik og  stammementalitet vil føra til at det moderne, mangkulturelle samfundet fell ihop.

Frå myrksyn til framtidsvisjon
Etter Faye sitt syn finst ingen måte å stogga dette samanbrotet. Det er nyttelaust å freista arbeida politisk for endring innanfor råmone av den uppbygnaden som samfundsstyringi byggjer på i dag. Til det stend likskapstenkjingi altfor sterkt både i nyhendeformidlingi, upplæringi og i heile det “sivile samfundet” – og likeins pengekreftene som ser seg godt tente med fyrestellingi um at menneske, varor og teknologi kann førast yver heile kloten – utan umsyn til ulike levnadssetti og tilværerettane desse levnadssetti hev.
Det er fyrst etter ei stor ulukka, i det som han kallar “l’apres-chaos” (etter kaoset) at samfundet kann lagast um og setja ihop på nytt. I millomtidi kann me ikkje gjera anna enn å fyrebu oss, åndeleg og lekamlegt, på kaoset og den stoda som kjem.
Når Faye er so viss på at det systemet me hev i dag kjem til å bryta saman, so er det av di han ser fyre seg at det kjem til å koma ei rad ulike ulukkor samstundes : miljøkatastrofar, økonomiske katastrofar,  råvareknappleik, kulturelle motsetnader. Det sivile samfundet kann takla èi eller tvo øydeleggjingar, men ikkje at alt kjem på ein gong.
Kva kjem so til å henda etter?
Hovudtesen åt Faye er at dei tilfløkjingane som me hev i dag fører til at tvo spor presser seg fram på jamlikt vis:
-Den teknologiske voksteren kjem til å gå vidare, med framtidsteknologi som det er  arbeidt ut reglar og fyrerit for alt i våre dagar, men som er vorte stogga av di det anten ikkje høver for  mektige tilverkarar av energiråstoff eller det fell på tvers av ålment godtekne leve-reglar og sedskap.
-Me kjem til å sjå ein urgamle verdiar vender attende, der likskapstanken og tanken um det ålgilde vert skift ut med med rangskipnader.
Det segjer seg sjølv at dei tvo spori høyrer ihop: det fyrste gjeng ikkje utan det siste.
Faye ser soleides fyre seg at ein kjem til å få ein vokster med «deux vitesses» (tvo snøggleikar). Hevdvunne urgamle landsbysamfund for folk flest (sidan naturi ikkje kann takla det forbrukssamfundet som alle i dag helst skal liva etter), og småe, høgteknologiske bysamfund for ein elite.

Inkje kjem av seg sjølv
No er Faye neppe so godtruande at han tenkjer seg at det arkeofuturistiske samfundet skal koma av seg sjølv, berre samfundet av i dag fær eit samanbrot som er kraftig nok. Det Faye derimot hev gjort er å leggja fram ein tenkjeleik, han hev synt at ei onnor framtid er mogleg dersom me er medvitne og fyrebudde på det. Det samfundet som me hev i dag er ikkje mælt upp etter dei utbjodingane som kjem i morgon, og i den ugreida som vil fylgja på grunn av det må samfundet gjerast um til noko nytt og betre. Når fåren er størst er hjelpi nærast!
Når det kjem til spursmålet um korleis Faye ser fyre seg det arkeofuturistiske samfundet sitt, so må eg segja at han trakkar kraftig i salaten i spursmål um bioteknologi, kjernekraft osb. Det er nok ingen av lesarane som kann segja seg samde i eitt og alt av det som Faye kjem med i boki si, helder ikkje eg, men alle fær evlaust noko å tenkja på.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under 2-2012, 2012-årgangen, nasjonalisme. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s